Sublift PDF Skriv ut E-post
onsdag 13. juni 2018 14:45

RBL-Logo

 

Rommetveit Båtlag 2018

 

 

Prisar ved bruk av Sublift: (rev. April 2014)

 

Land eller sjøsetjing:

Båt opp til 24`                 ……………………………   kr   250,-

Båt frå 25`til og med 30` ……………………………  kr   325,-

Båt frå 31`til og med 35` ……………………………  kr   400,-

Båt frå 36`til og med 40` ……………………………  kr   450,-

Båtar over 40`                 ……………………………  kr 1000,-

 

Opptak eller uttak kan betalast med VIPPS til Rommetveit Båtlag på 524109, mrk: «RBL båtopptak»

eller «RBL båtutsetjing». Hugs dato og namn, samt å syna kvittering på telefon til subliftførar.

 

Prisar gjeld under føresetnad av at reingjering av båt i lift vert

utført straks båten er komen på land, og vert fullført i løpet av 20 minutt.

 

Båtar som vert teken opp kun for synfaring, kan henge i Sublift i inntil 30 minutt for listepris.

 

Det vert krevd tilleggspris for «utrykking» med Sublift (typisk ved skadar, havari etc).

 

Subliftførar vurderer eventuelle tillegg til listepris i kvart enkelt høve.

 

Førar av Sublift pr 05.06.2018:

Nelly Karin Oma               mob 975 26 516       (måndagar)

Bjørn Rune Larsen           mob 906 13 009       (tysdagar)

Karsten Tyse                      mob 472 70 145       (torsdagar)

 Lars Magne Auestad         mob 959 47 351

Hallgeir Koløy                    mob 480 78 953

Vidar Johnsen                    mob 920 48 207

 

Opptak eller utsetjing av båt skal avtalast på telefon (ikkje SMS) med sublift-førar på førehand, dvs minst mogleg «drop in». Hugs å ha båtkrybba klar.

 

Ansvar:

Båteigar er sjølv ansvarleg for eventuelle skadar på eigen båt ved bruk av Sublift og ved lagring av båt på land.

Det er difor ein føresetnad at båteigar har naudsynt forsikring som dekker slike forhold.

 

HAMNELEIAREN

 

 

 
Referat frå årsmøtet i 2017 PDF Skriv ut E-post
torsdag 30. mars 2017 16:09

Rommetveit Båtlag Referat frå årsmøtet i 2017

 

Årsmøtet vart halde i båtlagets eige lokale
17.03.2017 kl. 18:30. Det var 31 frammøtte medlemmer.

 1. Opning:                                                                                                                                                

 Møtet vart opna ved styreleiar som ynskte alle velkomen.

2. Val av møteleiar og referent:                                                                                                                  

Johnny Berge Olsen vart vald som møteleiar og Øyvind Bie som referent.

3. Godkjenning av innkallinga:                                                                                                      

Innkallinga vart godkjend

4. Godkjenning av sakslista:                                                                                                          

Sakslista vart godkjend.

6. Årsmeldinga:                                                                                                                              

Årsmeldinga vart lese opp i møtet og godkjent.

7. Rekneskap 2016:     

Steinar Jæger gjorde greie for Resultatrekneskap, Balanse, Avskrivingar og likviditetsbudsjett.                                                         

Rekneskapen vart godkjend av eit samla årsmøte.

 8. Vedtektsendringar, forslag:                                                                                                                

 Det var to innkomne forslag til vedtektsendringar:

 SAK 1

 Når rekningar ikkje vert betalt to år etter kvar andre, og medlemmar i denne forbindelse ikkje er mogeleg å finna og/eller få i tale, så vil eg føreslå fylgjande til årsmøtet: Folk som ikkje har gitt lyd frå seg på to år, eller som me i denne tida ikkje har klart å få eit svar angåande ikkje betalt rekningar, - Dei kan me stryka som medlemmer, dei mister og sitt medlemsskap samt ansiennitet.
Vedteke ved akklamasjon

 SAK 2

 Dugnad skal jobbast for kvar einskild heil båtplass eit medlem eig. Dersom ein i tillegg eig jolleplass, så er denne friteken for dugnad. Dette gjeld f.o.m. dugnadsåret 2017

.Saka blei gjenstand for noko diskusjon og vart avgjort ved handsopprekking. 25 stemte for og 6 i mot .

9. Kontingent, avgifter, innskot, verdi av båtplassar, etc.:     

Vert uforandra på 2016 nivå

10. Budsjett 2017:

Budsjettet for 2017 vart gjennomgått og godteke.

11. Val:

Dei framlegga som vart lagd fram av valnemnda vart samrøystes vedteke.
Fylgjande personar utgjer no styret, sit i komitear og andre verv:

Leiar: Johnny Berge Olsen, attvald

Økonomi leiar/nestleiar: Steinar Jæger, attvald

Sekretær: Øyvind Bie, ikkje på val

Hamneleiar: Svein Onarheim, attvald

Tiltaksleiar: Kjetil Sele, ikkje på val

Vedlikehaldsleiar: Stein Stendahl, ikkje på val

Varamedlemmer til styret: Bjarne Engevik, Gunnar Førland og Gisle Oma vart attvald.

Arrangementskomité: Ernst Wilhelmsen ønskte ikkje attval, Kari Aas, Ingrid Johanne Eskeland vart attvald. Ny: Marit Vatne

Hamne komité: Arild Slålie ønskte ikkje attval, Bjarne Engevik, Gunnar Førland, Gisle Oma, og Tore Østrem vart attvald. Ny: Ole Fjæra

Hus leiar: Margunn Liv Oma

Revisorar: Sigurd T. Bendixen attvald, Reidar Holsen ikkje på val

Valkomité: Leiar Råmund Rommetveit ikkje på val. Medlemer Helge Steffensen & Øyvind Bie attvald

12. Avslutning: Møteleiaren retta og ei stor takk og hadde med blomebukett til avtroppande Hamne komité medlem Arild Slålie og Tiltaks komité medlem Ernst Wilhelmsen. Det blei informert om at laget har 182 medlemar på Facebook og at dette er hovud informasjons kanalen for laget. Det vart og informert om at Strandryddegjengen får 5t x 6 medlemar sin dugnad for i år å rydde strender på Tveiteøyane og eventuelt langs strender på Nuen sida av Huglo.



 

 



 

 



 


 


 


                                                                                                                                                       

                                                                                                                            

 

                                                             




 

                                                                                                                            

 
SubLift PDF Skriv ut E-post
fredag 11. april 2014 06:36

  Prisar  ved bruk av SubLift 2014

(Rev juni 2018)

Land- eller  sjøsetting:

Båt opp til  24'................................ .......................kr. 250,-

Båt frå 25' til og med 30':    .................................   kr. 325,-

Båt frå 31' til og med 35':    .................................   kr. 400,-

Båt frå 36' til og med 40':    .................................    kr. 450,-

Båtar over 40':                      ...............................    kr. 1.000,-

Prisane gjeld under føresetnad av at
reingjering  i lift vert utført straks
båten er komen på land,  og vert fullført
i løpet av maks. 20 min.

Opptak eller uttak kan betalast med VIPPS til Rommetveit Båtlag på 524109, mrk: «RBL båtopptak» eller «RBL båtutsetjing».

Hugs dato og namn, samt å syna kvittering på telefon til subliftførar.

 

Båtar som vert teke opp kun for
synfaring , kan hengja i Sub-Lift i inntil 30 min. for listepris.

Tilleggspris ved "utrykking" med SubLift
(skadar, havari og liknande).

Førar
av subLift vurderer eventuelle tillegg til listepris i kvart einskild høve.

Ansvar:

Båteigarer sjølv ansvarleg for eventuelle skadar på eigen båt ved bruk av SubLift og
ved lagring på land.  Det er difor ein
føresetnad at  båteigar har naudsynt forsikring
som dekkjer slike forhold.

Førar av Sub-lift pr . juni 2018:      

Nelly Karin Oma            mob 975 26 516      (måndagar)

Bjørn Rune Larsen        mob 906 13 009       (tysdagar)

Karsten Tyse                  mob 472 70 145       (torsdagar)

Lars Magne Auestad     mob 959 47 351

Hallgeir Koløy               mob 480 78 953

Vidar Johnsen               mob 920 48 207

 

Opptak eller utsetjing av båt skal avtalast på telefon (ikkje SMS) med sublift-førar på førehand, dvs minst mogleg «drop in».

Hugs å ha båtkrybba klar.

 

HAMNELEIAREN

 
Nye kortlesare adgang båthavn PDF Skriv ut E-post
fredag 09. mai 2014 11:27

Nye kortterminaler er plassert til bommen.

Eksisterande brikker skal virke som før, dersom du mot formodning ikkje stemmer kontakt  hamneleiar

Dei som ikkje har hatt brikke: kan hendvenda seg til Hamneleiar laurdag 10.05 frå kl. 10.00, eller dugnadsleiar fram til dugnadslutt denne dag.

Briken kan og hentas hos Hamneleiar privat. Ring på førehand og avtal tid.

Blir brikken øydelagt eller mistet: Kan du få kjøpe ny.

Ei brikke per båtplass

Pris for brikke er 100 kr. betales til konto nr.3520.50.29964 (Merk: Navn og båtplass nummer.)

Svein Onarheim

Hamneleiar

Rommetveit båtlag

P.B.1062

5407 Stord

tlf.95819206

mai: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

 

 
Krav til landstraumkablar for båtar tilkopla straumuttak i Rommetveit Båtlag si hamn. PDF Skriv ut E-post
mandag 22. oktober 2012 12:58

Utdrag frå hamnereglane:

”Offentlege krav fører mellom anna til at alle må ha landstraumkabel med fylgjande spesifikasjon: HO7RN-F 750V 3 x 2,5 mm2 (Ekstra sterk verkstadkabel) eller tilsvarande godkjend kvalitet. (kontakt elektrikar, elektrofirma, eller elforretning for tips). Kablane skal vera i ei lengd. Det er ikkje lov å ha to skøytekontaktar etter kvarandre. Ikkje godkjende kablar kan verta fjerna av hamneleiinga.”

Elektrisitetstilsynet har vore på befaring i hamna i byrjinga av oktober 2012 og funne mange landstraumkablar som ikkje er av godkjend type. Båtlaget har fått skriftleg pålegg om å sjå til at desse vert fjerna og byta ut med nye av rett type. Det er båteigaren sitt ansvar å ha rett kabel til båten etter både hamnereglane og dei offentlege påboda.

Styret i RBL oppmodar alle båteigarar som har landstraum om å sjekka at dei har godkjend kabel, og at dei kablane som ikkje er av rett type vert byta ut.
RBL kjem til å gå runde og sjekka at dette vert gjort. Det vert sett mangellapp på kablar som ikkje fyller krava. Dersom dette ikkje vert ordna av båteigaren innan 14 dagar frå mangellapp er påsett, har RBL heimel i eltilsynslova og i hamnereglane til å fjerna ulovlege kablar. Båtane kan då utan meir varsel verta straumlause.
Hamneleiaren.