Dugnad

Dugnadsreglar

Formål:

Dugnadsreglar er innført for å fordela arbeidsoppgåvene for drift og vedlikehald av Sævarhagsvikjo båthamn.

Kven skal gjera dugnad?

Alle som har kjøpt seg inn i båthamna og som disponerer ein eller fleire båtplassar.

Kor mykje dugnad?

· Årleg dugnad: minst 5 timar i året

· Eingongs-dugnad: 30 timar dei første tre åra (i tillegg til årleg dugnad)

· Ei veke vakt godskrivast med 5 timar

Korleis gjennomføra dugnaden?

All aktivitet som er tilrettelagt av dugnadsleiar eller andre i styret skal godskrivast etter medgått tid. Timar utover 5 timar vert godskrive eingongs -

dugnaden til denne er gjennomført. Aktivitetar som er vanskelig å tidsavgrensa, skal fastsetjast av styret.

Utført dugnad gjelder frå årsskifte til årsskifte.

· Medlem av styret, varamedlem til styret og medlem i hamne- og tiltakskomité, godskrivast årleg dugnad pluss 10 timar av eingongs - dugnaden som kompensasjon for møteverksemd

· Medlem av valkomiteen og revisorane godskrivast årleg dugnad(5 timar)

Fritak for dugnadsplikt:

1. Medlemmer med båtplass som ikkje utfører dugnaden vert fakturert med ei timesats som årsmøtet vedtar.

.

2. Styret kan frita eit medlem for dugnad om serskilte omsyn tilseier det.

ROMMETVEIT BÅTLAG

Dugnad vår 2020

Det vert ikkje normal drift av dugnaden frametter.

Dei som ynskjer å utføra dugnad må melda seg til dugnadsleiaren på mobil 902 95 535 for å få tildelt oppdrag. Så lenge me finn passande arbeid vil me prøva å halda tilbodet ope. Du må fylgja dei pålagde reglane frå styresmaktene med avstand til andre, berre små grupper, osb. Dette gjer du på eige ansvar. Arbeidet vert ikkje fylgd opp av dugnadsleiarar. Ein person kjem og viser og går att.

RBL bed om forståing for at me lyt gjennomføra dugnaden på denne måten fram til sommarferien.

Hamneleiar

Hugs at det er du sjølv som er ansvarleg for at dugnadstimane vert ført I boka etter ferdig økt. Båtplassnr. og eigar / leigar sitt namn førast på. Dugnadsleiar.